Draume-jobben

Bård Andersen (23) driv for det meste med restaurering av gamle stålskip. Han kan ikkje tenkja seg noko betre yrke. Og noko av det kjekkaste er klinking på gamlemåten, trass i at jobben er både tung og slitsam. Bård sin kompetanse blir nå meir og meir etterspurd etter kvart som færre og færre meistrar kunsten å klinka. Femte generasjon ved Dåfjorden Slipp ivrar for fartøyvern. Oppdragsmengda ved Dåfjorden Slipp er derfor aukande og er ikkje lenger berre knytt til skip og sjøfart.

Klinking er noko av det kjekkaste Bård Andersen driv med. Her får veteranskipet «Stavenes» endå ei ny stålplate under vasslina.
Klinking er noko av det kjekkaste Bård Andersen driv med. Her får veteranskipet «Stavenes» endå ei ny stålplate under vasslina.
17.03.2022

Tekst og foto: Einar Vestvik.
Dette er en sak fra Tidsskriftet KYSTEN.

Bård representerer femte generasjon ved Dåfjorden Slipp i sunnhordlandskommunen Fitjar. Tippoldefaren var med å starta verftet i 1916, saman med ein svoger. I aksjeselskapet som driv verksemda i dag, er faren Steinar Andersen både styreleiar og dagleg leiar. Han eig også 50 prosent av aksjane gjennom selskapet Sjøtun Holding AS, medan Steinar Røssland eig 50 prosent. Bård sin bestefar Audun Andersen er pensjonist, men var med i det daglege arbeidet inntil for få år sidan.

I starten bygde dei båtar av tre i Dåfjorden. Seinare blei det helst reparasjonsarbeid, og stålarbeid utgjorde ein større og større del av produksjonen. Flåten av tradisjonelle fraktebåtar utgjorde den viktigaste marknaden for mindre reparasjonsverksemder som Dåfjorden Slipp. Då desse fraktebåtane blei utkonkurrerte av større skip eller vogntog på land, sto verfta overfor ei alvorleg oppdragstørke som kravde omstilling om dei skulle overleva.

- Då var det far min og Geir Røssland drog til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand på klinkekurs. Dei såg eit potensial i den aukande interessa for å ta vare på veteranskip. Dette var tidleg på 2000-talet. Sidan den gongen har restaurering og vedlikehald av verna og freda fartøy vore det viktigaste arbeidsfeltet for oss. Og Riksantikvaren har indirekte vore den viktigaste oppdragsgivaren vår. I dag er det berre me og Bredalsholmen som har kompetanse og utstyr til klinking på gamlemåten, fortel Bård.

Sjølv har han vanka omkring på verftsområdet og lært faget sidan han var gutunge.

- Det hadde ikkje noko med forventningspress å gjera. Ingen prøvde å tvinga meg for å sikra kontinuiteten. Eg stortrivst med arbeid på gamle båtar og ser på dette som ei viktig form for kulturvern, seier 23-åringen.

Dei tilsette har utvikla ein spesialhanske til bruk under klinking.


Trivst best med veteranane

Dåfjorden Slipp har dei siste åra skaffa seg eitt bein til å stå på, ved å starta bygging av små taubåtar. Til nå har heile arbeidsstokken – og det er ikkje så mange – veksla mellom nybygg og veteranar. Men det det ligg nå føre planar om å dela dei tilsette i to team. Eitt for nybygg og eitt for restaurering. Bård er ikkje i tvil kor han vil halda fram.

- Eg vil arbeida med dei gamle båtane, seier han.

Me møter den unge fagarbeidaren i slippen innunder styrbord side av dampskipet «Stavenes». Saman med to polske verftsarbeidarar på innsida av skroget er han i ferd med å klinka på plass ei ny plate i skroget. Mykje stålarbeid er gjort før på dette skipet, og mange plater må enno skiftast før jobben er gjort. Første målet å klargjera «Stavenes» slik at veteranen kan gå for eigen maskin til Nordsteam i Bergen i sommar.

«Stavenes» er eit kolfyrt dampskip, det einaste i sitt slag som er verna på Vestlandet og eit godt eksempel på skipstypen dei arbeidar med i Dåfjorden.

- Skroga på desse båtane er klinka saman, ikkje sveiste som i nyare fartøy. Kunnskapen om den gamle skipsbyggingsmetoden vil gå tapt om få år om ikkje eit utval av klinkbygde båtar blir restaurerte og tatt vare på, er både Bård og Steinar Andersen samstemte om.

Bård Andersen ved dampmaskinen på «Stavenes». Kolbaksen ligg i forkant av maskinrommet.


Treng 15-20 millionar til

«Stavenes» blei bygt i 1904 for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, FSF). Skipet blei ombygd i 1934 for å kunna frakta bilar, og det er dette årstalet som er lagt til grunn for restaureringsarbeidet. «Stavenes» blei ombygd til motordrift i 1954. I 1971 blei ho selt ut av FSF-flåten til England. Ho var i dårleg forfatning då ho blei kjøpt tilbake til Norge i 1991 av det nystarta Veteranskibslaget Stavenes. Året etter blei skipet erklært for verneverdig av Riksantikvaren, og frå 2009 har prosjektet fått årlege tilskott til restaureringsarbeidet. «Stavenes» har vore ein flittig gjest i Dåfjorden, og vil venteleg bli det også i åra som kjem. Når stålarbeidet er ferdig, skal innreiingsarbeidet i tre etter planen utførast av Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

- Målet er å få fartøyet i drift i det gamle fartsområdet og gjerne med dispensasjon til å gå på verdsarv-fjorden Nærøyfjorden. Når det kan skje, er avhengig av løyvingar og gåver til det vidare restaureringsarbeidet. Eg trur me treng 15-20 millionar kroner til for å nå det målet, seier Svein Barmen, styreleiar i Veteranskibslaget Stavenes.

Oversikt over Dåfjorden Slipp i Fitjar. Ved kaien ligg frå venstre «Ekar», «Solundir» og «Tysnes», medan «Granvin» og «Stavenes» står på slipp.


Fleire HSD-båtar

På slippen ved sida av «Stavenes» står den tidlegare lokalrutebåten «Granvin» frå 1931. «Granvin» var blant dei første motordrive fartøya som blei bygde for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) på 1930-talet. Båten høyrde til HSD fram til 1968, men heldt fram som rutebåt i indre Hardanger til 1987. Året etter blei «Granvin» overtatt av Veteranskipslaget Fjordabåten, som allereie hadde hand om DS «Stord 1». «Granvin» blei verna av Riksantikvaren i 1995 og freda i 2011.

«Granvin» har også vore ein flittig gjest ved Dåfjorden Slipp. Denne gongen er det utført ei omfattande restaurering, mellom anna med utskifting av ein god del plater i skroget. Nå står innreiingsarbeid for tur. Som veteranskip har «Granvin» tidlegare gått i ulike turistruter i sommarsesongane. Slik blir det knapt i år, men målet er at båten skal delta på Nordsteam i Bergen.

Ved kaien i Dåfjorden ligg også ein annan HSD-veteran, mindre enn «Granvin», men elles mykje lik. «Tysnes» frå 1930 var det aller første motorskipet som blei bygt nytt for HSD. Etter at ho segla ut av HSD-flåten i 1963, følgde fleire tiår som sandfraktebåt i Rogaland under ulike eigarar før ho blei kjøpt tilbake til Sunnhordland for restaurering. «Tysnes» har vernestatus hos Riksantikvaren frå 1994.

I Dåfjorden ligg «Tysnes» side om side med den tidlegare FSF-snøggbåten «Solundir» frå 1972. «Solundir» blei mellombels verna av Riksantikvaren i 2015 og ligg nå i opplag i påvente av kva som vidare skal skje.

Fraktebåten «Ekar» av Haugesund, som ligg til kai litt lenger borte, har også hatt eit langvarig opphald i Dåfjorden, der dei mellom anna har skifta heile hovuddekket. Fraktebåten frå 1915 blei freda i 2004.

Fjerde og femte generasjon ved Dåfjorden Slipp. Bård og Steinar Andersen med veteranskipa «Granvin» og «Stavenes» på slipp i bakgrunnen.


Verdas eldste sjødampsprøyte?

- Og så har me jo «Sjødampsprøite 1». Det er eit svært interessant restaureringsobjekt, seier Bård og peikar på eit ribba stålskrog som står på land like ved inngangen til verftsområdet.

«Sjødampsprøite 1» blei bygd i 1866 som kombinert passasjer- og slepebåt. Etter at eigarselskapet gjekk konkurs, kjøpte Bergen kommune båten for 2500 spesidalar i 1873 og bygde han om til brannslokkingsfartøy. Som sjøbrannsprøyte i Bergen var han i bruk i heile 83 år og involvert i sløkkingsarbeidet ved ei rekke storbrannar både i krig og fred. Seinare blei han ombygd til tankbåt. Under namnet «Bjørn» høyrde han til Storesund Rederi på Karmøy ein periode.

I dag er det Bergen Brandkorps Historielag gjennom Veteranbåtlaget Sjødampsprøyte 1 som eig det tidlegare brannslokkingsfartøyet. Styreleiar i veteranbåtlaget er Øyvin Konglevoll.

- Dette er eitt av dei eldste stålskroga som er bevart i Norge. Som brannslokkingsreiskap blir båten landets eldste. Etter det me har funne ut, kan han også bli verdas einaste dampdrivne sjøsprøyte, seier Konglevoll.

«Sjødampsprøite 1» er verna av Riksantikvaren og skal restaurerast til utsjånad og utrustning etter ei ombygging i 1935. Dampmaskin og pumpe lik dei originale er alt kjøpt inn frå Nederland, og laget har omfattande dokumentasjon om alle detaljar. Arbeidet er i gang i Dåfjorden, og Konglevoll sitt mål er å ha båten ferdig restaurert til 150-årsjubileet i 2023.

- Det er teknisk mogleg, men me treng minst fem-seks millionar kroner eller garantiar som kan gi grunnlag for lån, seier den entusiastiske styreleiaren.

«Sjødampsprøite 1» er klar for restaurering og kan bli verdas eldste bevarte brannslokkingsfartøy når jobben er gjort.


Mobile verkstadarbeidarar

Men Bård og kollegaene hans avgrensar seg ikkje berre til å arbeida med dei båtane som finn vegen til Dåfjorden. For eksempel har dei hatt oppdrag på «Statsraad Lehmkuhl». Då brukte dei dokk i Laksevåg. Og meir arbeid ventar når «statsråden» kjem tilbake frå jordomseglinga som skuta nå er ute på. I mellomtida skal Dåfjord-gjengen koma i gang med eit anna utpostoppdrag som vil gå over fleire år. Verftet har nemleg fått oppdraget med stålarbeidet på innlandsskipet «Suldal», som blei omtalt i KYSTEN nr. 4 i 2021. Arbeidet skal utførast i Solheimsvik ved Suldalsvatnet, der skroget av det 137 år gamle ruteskipet er lagra i eige båthus.

- Eg er glad i slike reisejobbar, men likar ikkje å bu på hotell. Så då ser eg fram til å bu i campingvogn saman med ei eller eit par andre, seier Bård.

Det er ikkje så lenge sidan han sist var ute på reise. Då handla det ikkje om båt i det heile tatt, men om ei jernbanebru. Historiske Grimen bru i Bergen, bygd i 1883, blei skadd våren 2021 då eit vogntog med altfor høg last køyrde borti. Mesta fekk oppdraget med å utbetra skadane, men møtte ei stor utfordring.

- Å klinka stål og boltar saman er ein byggeskikk som få framleis brukar. Me blei derfor hoppande glade da me fann Dåfjorden Slipp. Dei hjelpte oss med å klinka stolpane saman på den gode gamle måten, fortalde anleggsleiar Mats Strandgård Hanssen i ei pressemelding i midten av desember 2021.

Bård Andersen er nøgd med at dei fekk oppdraget og seier dei gjerne vil stå til teneste med kompetansen sin der det er bruk for dei. På land så vel som på sjø.