Sjøhus
Sjøhus

NYTT LIV I NAUST OG SJØHUS

Saman med Sparebankstiftelsen DNB og lokale aktørar set Forbundet KYSTEN i stand naust og sjøhus langs heile kysten. Bygningane skal fyllast med nytt liv, og gje barn og unge opplevingar med kystkultur og friluftsliv. No lyser me ut haustens midler og søknadsskjemaet er klar. Søknadsfristen var 1. desember.

Forbundet KYSTEN gjekk i 2021 i gang med ei brei satsing på å redda flest mogleg av desse bygningane frå forfall og riving. Med oss på laget har me fått Sparebankstiftelsen DNB. I 2021 innvilga dei ei nasjonal breddegåve på 10,5 millioner til prosjektet me har døypt "Nytt liv i naust og sjøhus". I 2024 fekk Forbundet KYSTEN tildelt 14 nye millioner kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til framhaldet av breddegaveprosjektet. Dette er me svært takksame for.

Nytt liv i naust og sjøhus har to søknadsordningar:

Forprosjekt: 30 000 kr til utarbeiding av TTK (Tilstandsrapport, Tilstandsplan og Kostnadsanalyse). Her har me løpande søknadsfrist og kort sakshandsamingstid. 

Her finn du søknadsskjema for forprosjekt.

Hovedprosjekt: Her kan ein få inntil 400 000 kr til sjølve istandsetjinga av bygget. Her var søknadsfristen 1. desember. Innkomme søknader vert no handsama.

I båe tilfeller kan det vera lurt å starta prosessen med å utforma søknad tidleg for å få ein best mogleg søknad. Har du spørsmål eller er med i ein organisasjon som vurderer å søka må du gjerne ta kontakt med prosjektleiar Kjell Magnus Økland for meir info/drøfting.

Her kan du lesa kriteriane for utlysninga hausten 2025.

Arbeidsgruppen.
Forbundet KYSTEN si naustgruppe: Frå venstre: Per Einar Eilertsen, Lars Børge Myklebust, Kjell Magnus Økland og Eli Ulriksen. Jon Kåre Olsen var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Prosjektet ledes av 

Prosjektleder Nytt liv i naust og sjøhus
Kjell Magnus Økland
naust@kysten.no
Tlf: 950 46 739

Det er også nedsatt en arbeidsgruppe som går gjennom søknader og ellers bidrar med faglige råd i prosjektet. Gruppen består av:

Forbundet KYSTENs naustgruppe:

Per Einar Eilertsen, seniorrådgiver bygningsvern

Lars Børge Myklevold, seniorrådgiver bygningsvern, Sametinget

John Kåre Olsen, Forbundet KYSTENs landsstyre

Eli Ulriksen, Loggen kystlag

Kjell Magnus Økland, prosjektleder Nytt liv i naust og sjøhus

Naust og sjøhus er en type kulturminner som forsvinner i raskt tempo.

Rapport fra Norsk Institutt for Kulturminneforskning

67

naust har fått midler av Forbundet KYSTEN

14 millioner

fikk Forbundet KYSTENs breddegaveprosjekt innvilget i 2024

10,5 millioner

fikk Forbundet KYSTENs breddegaveprosjekt innvilget i 2021

Det trengs en redningsoperasjon for å gi naustene nytt liv. Det vil Sparebankstiftelsen DNB gjerne være med på. Foto: Trond J. Hansen

Naustnyheter

Her kan du lese nyhetssaker om naustprosjektet. 

make

Foto: Trond J. Hansen