
10.04.2025
TRE NAUSTPROSJEKT HAR FÅTT INNVILGA FORPROSJEKTSMIDLER
Forbundet KYSTEN si naustgruppe har allereie innvilga forprosjektsmidler til tre prosjekt.
Dei to ulike søknadsordningane
Forbundet KYSTEN sitt prosjekt Nytt liv i naust og sjøhus har to kategorier støtte. Ein kan søka om inntil 30 000 kr til utarbeiding av TTK (Tilstandsvurdering-Tiltaksplan-Kostnadsvurdering) og ein kan søka om midler til sjølve istandsetjinga, det ein gjerne kallar hovudprosjekt. Forprosjektsmidlane har løpande søknadsfrist og søknadane vert handsama ganske raskt.
Desse tre har fått støtte
Det eine prosjektet er i Vikøy i Kvam i Hardanger. Her er det eit naust i ei flott historisk naustrekke som skal få utarbeidd TTK i regi av Vikøy bygdekvinnelag.

Andre prosjekt er i Porsgrunn der Porsgrunn kystlag vil få detaljplanlagt korleis ein kan gjera den gamle motorverkstaden til ein arena for det nystarta kystlaget med verkstad nede og samlingsrom/bibliotek oppe.

Det tredje prosjektet er Gildeskål kystlag sitt stornaust, som inngår i eit fint naustmiljø på den fulgerike Sørfugløy i Nordland. Prosjektleiar Kjell Magnus Økland minner elles om at søknadsfristen for hovudprosjektsmildar er 22. april.
