1.10.2025
NYE MIDLER I PROSJEKT "NYTT LIV I NAUST OG SJØHUS"
Naust og sjøhus forsvinn langs Norskekysten i eit urovekkjande tempo. Prosjektet Nytt liv i naust og sjøhus er ei brei nasjonal satsing på å berga flest mogleg av desse bygningane frå forfall og riving.
No søker me etter nye lokale samarbeidspartnarar som vil setja i stand naust eller sjøhus og fylla dei med nytt liv. Etter istandsetjinga skal bygget verta arena for at barn og unge får opplevingar med kystkultur og friluftsliv. Naust eller sjøhus kan både liggja ved sjøen eller ved ferskvann og elv.
Sjølv om prosjektet er nasjonalt, set Sparebankstiftelsen DNB som kriterie at ein viss del av midlane vert nytta til prosjekt som er lokalisert på Austlandet. Difor er Forbundet KYSTEN særleg på jakt etter lokale partnarar i området Østfold, Vestfold, Telemark, Oslo, Akershus, Buskerud, Oppland (del av innlandet fylke) og Ringsaker kommune i Hedmark.
Nytt liv i naust og sjøhus har to søknadsordningar:
Forprosjekt: 30 000 kr til utarbeiding av TTK (Tilstandsrapport, Tilstandsplan og Kostnadsanalyse). Her har me løpande søknadsfrist og kort sakshandsamingstid.
Hovedprosjekt: Her kan ein få inntil 400 000 kr til sjølve istandsetjinga av bygget. Dette søknadsskjemaet opnar 1. oktober og er ope til 1. desember.
Du finn meir info på prosjekt "Nytt liv i naust og sjøhus si nettside.