27.10.2026
KYSTENS HANDELSSTADER OG GJESTEGIVERI
Kystens handelsstader og gjestegiveri er ei nystifta, landsdekkjande foreining som skal arbeide for å ta vare på, utvikle og vidareføre dei historiske handelsstadene og gjestgiveria langs norskekysten. Vi ønskjer å samle eigarar, forvaltarar og andre interesserte i eit felles nettverk for erfaringsutveksling, samarbeid og arbeid for gode rammevilkår. Foreininga er open for ulike eigarformer og bruk av desse verdifulle kulturmiljøa.
Har du tilknyting til ein historisk handelsstad eller eit gjestgiveri?
Vi inviterer deg til å registrere staden og kontaktopplysningane dine. Du kan samtidig melde interesse for medlemskap i foreininga.
Vi legg opp til ein symbolsk medlemskontingent i oppstartsfasen. Nærare informasjon kjem når dette er avklart.
Saman kan vi bidra til å sikre desse viktige delane av kystkulturen for framtida.
Vi skal lage eit eige skjema etter kvart, men før den tid kan du sende inn følgjande opplysningar:
Namn på handelsstad/gjestgjeveri, kommune, stad, eventuell nettside, tilknyting til staden (eigar, forvaltar, eigen interesse, e-post, tlf.) send til tore@kysten.no
For meir informasjon: Kontakt Tore Friis-Olsen i Forbundet KYSTEN. E-post: tore@kysten.no eller tlf. 922 04 874.
Ottar Håkonsholm (leder i interimsstyret), tlf: 995 37 805, e-post: ottar.haakonsholm@gmail.com