24.04.2026
4,575 MILLIONER TIL NYTT LIV I NAUST OG SJØHUS
Saman med Sparebankstiftelsen DNB og lokale aktørar set Forbundet KYSTEN i stand naust og sjøhus langs heile kysten. Bygningane skal fyllast med nytt liv, og gje barn og unge opplevingar med kystkultur og friluftsliv. 1. desember 2025 var søknadsfristen for andre tildelingsrunde.
Til saman kom det inn 32 søknader frå heile landet. Desse søknadene bad om til saman 10 424 000 kr. Så mykje kunne ikkje tildelast i denne omgangen, og det tildelte beløpet er vel 43 % av den omsøkte summen. Sakshandsaminga gav fylgjande utfall:


I perioden mai 2025-april 2026 er det også kome inn 14 søknader om forprosjektsmidlar. Forprosjektsmidlar vert gitt for å utarbeida tilstandsrapport, tiltaksplan og kostnadsanalyse for eit hovudprosjekt. 13 av desse søknadane vart innvilga:


Skjemaet for neste søknadsrunde i prosjektet opnar 1. mai og er ope til 15. august. Alle prosjekta må levera sluttrapport seinast 1. oktober 2027. Følg med på arbeidet til dei ulike prosjekta via Facebook: Forbundet KYSTENs breddegaveprosjekt "Nytt liv i naust og sjøhus".
Kjell Magnus Økland
Prosjektleiar, Nytt liv i naust og sjøhus