Strålande på Den Store Roen

I helga inviterte Tysnes Kystlag, Solstråleøya Venelag, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no til Den Store Roen 2022. Vel 20 båtar og omlag 50 roarar deltok!

Foto: Roy A Nilsen/Kystkultur.no
Foto: Roy A Nilsen/Kystkultur.no
17.08.2022

Tekst: Kjell Magnus Økland

Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert kvart år av eit lokalt kystlag i samarbeid med Vestland Fylkeskystlag. Roturane i år skjedde i området kring Godøysund på nordsida av Tysnes, med Solstråleøya som base og utgangspunkt for eventyr mellom smale og grunne sund. Undervegs var det mange stogg der roarane fekk høyra om John Musgrove og kong Olav sin fyrste eigedom i Noreg, østersproduksjon i Sjursvika på Vetla-Godøy, skottehandel i Godøysund, drukning i Småsundet på 1700-talet, hotelldrift og hotellbrann, kolerakyrkjegard på Dukaneset, kyrkjeveg i gamal tid og mange andre ting som har gått føre seg i området.

Roy A Nilsen/Kystkultur.no


Dei fleste starta turen med sjøsetjing av båtar i Lunde og roing til Solstråleøya. Her slo ein opp telt og fekk servert lapskaus. I kveldinga gjekk folk i robåtane og rodde inn i Småsundet. Der fekk dei ein liten konsert med Vivian Steinsland før dei returnerte i mørkret til Solstråleøya.

Foto: Sigvard Madsen


Laurdags morgon starta i østerspollen på Vetla-Godøy der ordførar Kåre Martin Kleppe orienterte om østersdyrking. Så gjekk turen gjennom Småsundet før det vart strandhogg på Vetla-Godøy der ein åt lunsj og såg på ei stor eik. Det måtte fem mann til for å femna rundt stamma på eika, som kanskje er over 450 år gamal. No seig båtane bort til Godøysund bru der alle vart fotograferte. Deretter enta passering av badehuset, og hotellet før ein stogga ved rutebåtkaien der Arne Tvedt fortalde om rutebåtferdsla i Godøysund gjennom over 100 år. No venta eit høgdepunkt, nemleg roing inn i Middelhavet. Grunna låg bru måtte ein flytta mannskapet heilt fram i båten for å tyngja ned stamntoppen under brua, deretter laut ein krypa til bakskuten for å tyngja ned bakstamnen. I det vestre utløpet av Middelhavet var problemstillinga motsett, her laut ein ut og vassa for å få båten til å flyta over dei grunnaste partia. No passerte roarane under brua til Maurholmen, runda Tytebærholmen før ein la til ved kolerakyrkjegarden på Dukaneset. Her vart det orientering om bakgrunnen for denne kyrkjegarden. Etter dette sneia ein innom Gunnarsvikjo før båtane lenda i Likvikjo på Tysnes. Her fekk roarane fiskesuppe frå Mandelhuset før Eldar Heide gav ei interessant orientering rundt solfenomenet på Horga ytst på Todneset. Vel attende på Solstråleøya venta varme grillar før ein samla seg i amfiet litt utpå kvelden. Der fekk roarane ei flott stund under løvtaket med levande lys på scenen. Vivian Steinsland song, Eldar Heide orienterte om stadnamn og viste bilete av solfenomenet på Todneset før Kjell Magnus Økland gav ei rundreise gjennom Godøysund si soge.

Foto: Kjell Magnus Økland/Kystkultur.no


Sundag rodde ein nordover frå Solstråleøya, gjennom fleire sund med ved Jonaholmen, Pettersholmen og Skatetangen før ein kom ut på ein speilblank Bjørnefjord. Kursen vart sett mot Fluøyane der ein lenda i sundet mellom dei to øyane. Med 25 graders temperatur og krittkvit skjelsand var det nett so i syden. Matpause, drøs og bading var tidsfordrivet før ein rodde via Veesøyane og sette kursen mot Maurholmen aust i Godøysund. Til slutt seig båtane gjennom Godøysund og stogga på Erleholmen, der Wenche Strømme fortalde og viste rundt på øya. Avslutningsvis venta det gryterett på Solstråleøya. Med så nydeleg sumarver er det vanskeleg å mislukkast, og det har kome mange gode tilbakemeldingar om arrangementet.

Foto: Kjell Magnus Økland/Kystkultur.no


Foto: Sigvard Madsen


Foto: Kjell Magnus Økland/Kystkultur.no



Foto: Kjell Magnus Økland/Kystkultur.no