Tradisjonsbåtar i bruk - Den Store Roen 2021

Løypa gjekk mellom tronge sund, rundt holmar, skjer og sjømerke. I løpet av ei helg skal det roast, men òg kvilast. På kvilestogga fortel nokon med kunnskap om ting ein gjerne ikkje visste frå før. 24 robåtar og over 55 roarar var med på tur i farvatna nordvest for Bergen i august. Det var eit vellukka arrangement som gjerne kan få avleggjarar andre stader.

Stille sjø og hyggeleg prat i Herdlesundet. Foto: Signe Holst-Larsen.
Stille sjø og hyggeleg prat i Herdlesundet. Foto: Signe Holst-Larsen.
15.11.2021

Tekst: Kjell Magnus Økland

Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert årleg av eit lokalt kystlag, i samarbeid med Vestland fylkeskystlag. Fylkeskystlaget tildeler arrangementet til den lokale arrangøren.

Om føremiddagen sist i august vart kursen sett mot Eikeland nordvest på Holsnøy. Frå ulike utgangspunkt møttest 24 robåtar og over 55 roarar i Eikelandsvika. På land fortalde Lena Eikeland Kutschera om erstatningskyrkjegarden som vart teken i bruk der under andre verdskrigen. Då var Herdla brukt som tysk flystasjon, og kyrkja var hestestall. Dei fleste som er gravlagde på Eikeland er personar frå Askøy.

Deretter rodde folk gjennom dei smale sunda ved Skjeljeholmen før ein kom til Ypso. Her tok Vigleik Ypsøy i mot, han driv gard med villsauer og skuleelevar som treng annleis skuledagar. I varmt solskin kunne deltakarane nyta lunsj. Deretter vart det omvising der ein såg på drikkevassutfordringar med fast busetjing på ei lita og låg øy. I 20 år har Vigleik saman med kona også arbeidd med å rydda den om lag to kilometer lange og 400 meter breie øya i Herdlefjorden for ungskog.

Roarar samla seg til vellykka tur i farvatna nordvest for Bergen i august. Foto: Roy A. Nilsen/Vardetangen Film/Kystkultur.no


Litt solgangsbris frå nord gav ein viss motstand. Roarane kom seg forbi skipsleia De Naue og dei tre øyene Skarvøy, Jakobsøy og Lamholmen. Dei landa på Valen nordaust på Herdla, midt i det største fuglereservatet i Vestland fylke. Naturrettleiar frå Herdla Museum, Lars Ågren, heldt ei kunnskapsrik orientering om både sjøfugl og trekkfugl. Fuglelivet på Herdla er svært rikt og under trekktida er det store flokkar med vadefuglar innom.

Moreneøya Herdla byr på flate grøderike enger for beitande storfe og eit stort langgrunt fiskerikt område. Ikkje til å undra seg over at Harald Hårfagre la Herdla under seg som kongsgard. Utpå ettermiddagen kunne roarane fortøya i den lune hamna Herdlevågen. Neste punkt på programmet var middag på Herdla Museum.

Kvelden vart avslutta med kulturkveld der historikar Egil Ertresvaag fortalde om då sjøvegen var hovudvegen i Herdla kommune. Deretter tok ornitolog Lars Ågren opp tråden frå ettermiddagens fuglekikking. Neste talar var Kjell Magnus Økland som viste bilete om korleis me ved å etablera fellesnaust midt i bygd og by vil gje fleire høve til å oppdaga gleda som tradisjonsbåtane kan gje oss. Til sist fekk sosialantropolog Leif Johnsen høve til å fortelja om båtrya, fiskaren sin sovepose. Han peika på at båtrya er ein viktig del av fiskarane si utrusting som, til like med andre kvinnebidrag, diverre ofte vert utegløymt i framstillinga om fiskarbonden. Det vart òg vist fram dømer på båtryer laga av Kristi Skintveit. Innimellom baud Jan Tufteland på relevante tonar frå tverrfløyte og leirgauk. Med skyfri himmel kunne natteranglarane nyta fullmånen før dei kraup i soveposen.

Skarvøyni er dag eit friområde med vegar, stiar, bunkersar, benker og bord. Foto: Signe Holst-Larsen.


Sundagen starta med trekkspeltonar og speilblank fjord. Turen gjekk sørover til Herdlesund. I dag er to automatiserte drivstoffpumper einaste resten av det som var ein travel handelsstad. Vi passerte Herdla kyrkje, øya har vore kyrkjestad i over 900 år. Dagens steinkyrkje vart innvigd i 1863 etter at kvar husstand laut koma med ei viss mengd stein for å utvida grunnmuren til kyrkja. Steinen vart frakta i færingar og seksæringar.

Det var framleis havblikk da roarane runda Gavlen, nordvestre pynten av Herdla. Inne på Prestvika var det tid for å roa ned og nyta synet av store fugleflokkar som vada i strandkanten etter mat. Mange kikka ned i det halvannan meter grunne vatnet der tare og fisk buktar seg like under kjølen.

Åretaka gjekk austover og no byrja dei fyrste grelene med nordavind å koma. Sunda mellom Ytste Valen og Kvitholmen baud på samtalar mellom roarar og moderne strandsitjarar, teltarar og vandrarar. Med kurs sørover Sætreosen, nordavind i ryggen og eit snev av medstraum gjekk turen til Skarvøy lett. I dag er dette eit friområde, men øya har tidlegare hyst eit kystfort for å sikre innseglinga til Bergen. Her er vegar, stiar, bunkersar, benker og bord.

Så samla roarane seg for å høyra havforskar Gro van der Meeren fortelja om krabben før ektemann Terje van der Meeren fortalde om torsken. Her nytta også leiar i Vestland fylkeskystlag, Thomas Johnson, høvet til å takka arrangørane Jegvan Kaarbø i Holsnøy kystlag og Atle Bergseth i Kvernbit IL ro- og seglgruppe for vel gjennomført utgåve av Den Store Roen. Kanskje kan det koma avleggjarar andre stader i landet?

Felles avreise etter god pause og fjærande sjø på Øpso. Foto: Signe Holst-Larsen.


kystkultur.no kan du sjå video frå Den Store Roen 2021!