2.03.2026
UNGT RÅSEILSEMINAR 2026
Norheimsund, 16.04.2026 - 19.04.2026
I samarbeid med Forbundet KYSTEN og Hardanger Fartøyvernsenter vert det arrangert eit tradisjonsbåtseminar i Norheimsund ved Hardangerfjorden denne våren. Her skal unge seglar og tradisjonsbåtentusiastar møtast for å diskutere om og eksperimentere med båtar.
Temaet i år blir «årar og roing i tradisjonsbåtar». Vi har ein og del båtar, frå æringar til åttæringar, mest Hardangerbåtar men også ein Åfjords-, Nordlands-, og Sognebåt. Viss nokon har ein båt av ein annan type eller ein dei syns er spesielt god til å ro som dei vil ta med så er det fantastisk.
På seminaret skal vi sjå på ulike årar i tradisjonsbåtar, samanlikne ulike båttypar og prøve korleis dei forhalda seg med ulik plassering av last, i vind & bølger og med ulike årar. Det blir altså ein del kapproing, men også forhåpentlegvis fisking og ei regatta eller to om det skulle bli vind.
Torsdagskvelden skal brukast til å bli einige om problemstillingar og kva vi ynskjer å prøve i dei to dagar. Send gjerne inn forslag på forhand viss det er noka du har lyst til å sjå nærmare på.
Program og praktisk informasjon kjem etter kvart.
Målgruppe
Seminaret er til dei som har vert litt i tradisjonsbåtar før og skal tene som eit rom der vi kan prøve ut ting og diskutere problemstillingar ilag. Samstundes er målet å prate om ting på ein måte som òg er forståeleg for dei som ikkje har rodd Noreg på langs eller sigla dei siste 30 år. Alle er velkomne, men målgruppa er primært dei under 45.
Pris: 500 kr, inkluderer mat og grunnleggjande sovemoglegheiter.
Påmelding: Send e-post til julian.bucher@fartoyvern.no
Frist for påmelding: torsdag 2. april. Maks tal deltakarar er 30.
Ved spørsmål ta gjerne kontakt på telefon:
+491638912439 Julian Bucher
+47 94 80 53 17 Jonathan Højland Høj