2.03.2026
KYSTENS KULTURMILJØ - KONFERANSE 2026
Bergen, 14.10.2026 - 15.10.2026
Riksantikvaren, Vestland fylkeskommune og Forbundet KYSTEN inviterer til konferanse om kystens kulturmiljø i Bergen 14.–15. oktober 2026. Konferansen er retta mot frivillige organisasjonar, kulturmiljøforvaltinga, kommunar og private eigarar av fartøy, naust og sjøhus, handelsstader og gjestgjevarar.
Dag 1 – 14. oktober
Konferansen opnar ca. kl. 10.30 med ei felles plenumssamling. Her vil det vere føredrag og innlegg som løftar fram det rike mangfaldet av kulturmiljø langs kysten, og dei mange aktivitetane som bidreg til å ta vare på og vidareutvikle denne kulturarven. Om kvelden inviterer vi til ei felles oppleving av kystkultur på nært hald, med servering tufta på mat- og drikketradisjonar frå kysten.
Dag 2 – 15. oktober
Den andre konferansedagen byr på parallelle sesjonar med desse temaområda:
• Naust og sjøhus
• Fartøyvern, små og opne båtar
• Handelsstader og gjestgjevarar langs kysten
• Ferie og fritid / Arkeologi og marinarkeologi
Konferansen vert avslutta kl. 15.00.
Praktisk informasjon
Det vil vere ei mindre deltakaravgift, og kostnader knytte til kveldsarrangementet 14. oktober må dekkjast av den enkelte. Reise og overnatting blir bestilte og betalte av kvar deltakar. Vi reserverer rom ved eitt hotell og arbeider for å få ein rabattkode som vert sendt ut seinare. Privatpersonar som deltek på sesjonen om handelsstader og gjestgjevarar kan søkje reisestøtte frå Forbundet KYSTEN. Meir informasjon om dette vil kome.
Dersom konferansen er av interesse, ber vi om at de held av 14.–15. oktober 2026 i kalenderen.
Program og påmeldingsskjema vert sendt ut i løpet av april.