23.04.2026
FORBUNDET KYSTENS RÅSEGLSEMINAR I SMØRHAMN
Smørhamn, 10.09.2026 - 13.09.2026
Forbundet KYSTEN, Nordfjordbåtlaget kystlag, Hornelen kystlag og Kalvåg kystlag ønsker velkommen til spennande seminar på Smørhamn Handlestad. Smørhamn ligg rett innanfor Kalvåg, og i le for havet utanfor, der mange drog på vinterfiske med robåtane sine for 150 år sidan.
Her er vi midt i skillet mellom Nordfjordbåten og Sunnfjordåten, og her finn vi begge båttypane. Her er også ulike råsegl. Det asymmetriske råseglet er på nokre båtar, medan andre har likeskåre råsegl, som er breie nede og smale oppe.
Bernhard Færøyvik hadde fleire påstandar om kvifor Nordfjordbåten uttevla Sunnfjordbåten, og her har vi høve til å etterprøve desse teoriane. Vi vil òg sjå på om vi kan finne skilnadar på den eldre Nordfjordbåten som var inne i fjordane, og den varianten som kystfolket ville ha, og som etterkvart vart den rådande båttypen.
Deltakeravgift: 1800,-
Spørsmål kan stillast til Lars-Bjarte Osland på tlf 990 03 077.