Rotur i Bergen. Foto: Kjell Magnus Økland.
Rotur i Bergen. Foto: Kjell Magnus Økland.

3.03.2026

DEN STORE ROEN 2026

Bergen, 22.08.2026 - 23.08.2026

I 2026 vert Den Store Roen arrangert av Bergen kystlag, Sandviken kystlag og Vestland fylkeskystlag. Tidspunktet er 22-23. august og arenaen vert Byfjorden i Bergen. Unn deg sjølv opplevinga av å sjå Bergen frå tofta og høyr om lite kjende sider av soga til den 956 år gamle byen.

 Det skal roast gjennom straumar, under bruer, innom sentrale strok og ikkje minst vert det stogg og servering hjå både Sandviken Kystlag i Sandviken og Bergen kystlag på Storøyen i Eidsvåg. Mer info kjem etterkvart.