8.12.2025
CAMP OSELVAR - UNGDOMSLEIR
Nordåsvatnet i Bergen, 29.06.2026 - 3.07.2026
Bli med på ein fem dagars seglleir i Bergen, der me blir kjende, seglar mykje og utforskar Nordåsvatnet saman. Me bur i telt på Marmorøya om natta og seglar med Oselvar på dagen.

Alder: 14 til 18 år
Open for alle som kan symja (svømme)!
Kun 30 ledige plasser. Påmeldingslenke.
Pris 1200 (inkl. mat)
Innhald
På Camp Oselvar lærer du å segla med vinden, på tvers av vinden og å kryssa mot vinden. Me øver på knutar, strandhogg, mann-over-bord, og på å rigga opp og ned segl og mast. Du får prøva deg på å styra båten, justera storsegl og fokke, og handtera årer og anker.
Måltider
Det blir enkle brødmatmåltid til frukost, lunsj og kvelds. Mannskapet i dei ulike båtane har ansvar for førebuing, og må difor vera i gang litt tidlegare. Alle deltek i rydding og oppvask før neste aktivitet. Middag blir servert anten på Marmorøya eller i klubbhuset til roklubben.
Overnatting
Overnatting skjer i telt på Marmorøya. Arrangøren stiller med nokre lavvoar, men deltakarar kan gjerne ta med eige telt. Kvar deltakar må ha med madrass og sovepose. Marmorøya er eit friluftsområde med toalett tilgjengeleg
Båtar
Me seglar med seksæringar og åttringar – stødige båtar rigga med sprisegl. Det er følgjebåt på vatnet, og instruktørar er med ut i båtane. I løpet av leiren byter me på rollene om bord slik at alle får brei erfaring og opplæring.
Sjå film frå ein tidlegare Camp Oselvar som viser konseptet.
Spørsmål
Ta kontakt med
Kjell Magnus Økland
naust@kysten.no / 95 04 67 39